Framside


Telefon: 37 88 55 00 / Vakttelefon: 915 89 000 / post@byklemaskin.no

 

DIN LOKALE BILVERKSTAD

 

Me er bilverkstad for alle vanlige bilmerker, og har kompetanse til å gjere det beste for bilen din - og lommeboka di.

 

Eventuell garanti du har på bilen din vil framleis gjelde etter eit besøk hos oss. Me utfører alltid service og reparasjonar i tråd med instruksjonar frå produsent, og brukar reservedelar med godkjent kvalitet.

 

Eit MECA-stempel i serviceboka fortel at du tar godt var på bilen din!

 

VERKSTADEN ER OPEN MÅNDAG - FREDAG 8 - 16

 

LEIGEBIL OG DEKKHOTELL

 

Om du treng leigebil medan bilen er på verkstad hos oss, så ordnar me det.

 

Me kan skaffe alt av dekk og felgar, og tilbyr og oppbevaring av dekk hos oss. 

 

I det heile tatt - lurer du på noko med bilen din er det berre å ta kontakt, så kan me heilt sikkert hjelpe!


BILBERGING OG VEGHJELP


Me hjelper bileigarar i alle situasjonar, og køyrer både for Viking, Falck, SOS NAF og MECA Veihjelp.


Me har avtale med alle forsikringsselskap, og ordnar alt praktisk.


Området vårt strekker seg gjennom Setesdal frå Ose i sør til Bjåen i nord.



MECA-KONTO


Med MECA-kort bestemmer du sjølv korleis og når du vil betale.


Kortet gjev mange fordelar som til dømes inntil 60 dagar rentefri kreditt og inntil 24 månaders rentefri avbetaling.


Kortet er gratis, og har ingen årsavgifter.



EU-KONTROLL


Frå det året bilen fyller 4 år skal alle bilar inn til periodisk kjøretøykontroll annakvart år.


Me har alle godkjenningar for å kontrollere bilar inntil 7500 kg.


Velkomen til EU-kontroll hos oss!



Verkstaden vår er godkjent av Statens vegvesen. Godkjenninga blir regulert av forskrift om køyreverkstad, fastsett av Vegdirektoratet. Forskrifta stiller strenge krav til både lokaler, teknisk utstyr, kompetanse og kvalitetssikringssystem.


Mekanikarane Torstein og Kristian har fagbrev og lang erfaring. Alle MECA-verkstader har forplikta seg til å gjennomgå kurs minst to gonger i året for å halde seg oppdatert og utveksle erfaringar.

BYKLE MASKIN AS


Bilverkstad i Bykle som tilbyr EU-kontroll, service og alle typar repararsjonar. Elles veihjelp og bilberging for bileigarar i alle situasjonar - uansett forsikringsselskap.

KONTAKT

Sarvsnetten 39,

4754 Bykle

+47 37 88 55 00

OPNINGSTIDER


Opningstidene under gjeld verkstaden.


Elles har me døgnopen vakttelefon for bilberging og veihjelp: +47 915 89 000.


Måndag - fredag: 08:00 to 16:00


© Copyright 2018. Nettside levert av Hovdenkontoret.